Porselensleiras mysterier

Keramikk - frå mine hender til dine

Eg har hatt keramikkverkstad og utsal på garden sidan 1983. Etter å ha prøva ulike leiretyper, brukar eg no porselensleire. Den er finare i strukturen og meir krevjande å arbeide med, men ”bonusen” er stor! Etter glasurbrenning på 1250-1260 grader, får ein gode, brukarvennlege produkt. Å arbeide med porselen frå klump til ferdig produkt er utruleg fasinerande, fordi porselensleira sintrer på glasurtemperatur, og blir gjenomskineleg, kvit og vakker, både fin og røff på same tid. Godt å halde i hendene!

Eg lager alt frå små skåler og koppar til store fat og krukker, og dekorerer med blant anna kobolt, eller begitter utvendig med ulike fargar, for så å risse inn dekoren. Eg knar også fargestoff inn i leira og bruker det som dekorelement. Av og til legg eg på litt sylv eller gull og kanskje litt glas. Eg arbeider meg óg inn i leira med kvistlakk og avvaskningsteknikk. Dette gjev eit røft og vakkert lag-på-lag uttrykk og framelskar det gjennomskinelege i porselenet. 

I tillegg til bruksting lager eg skulpturelle objekt. Eg har også laga utsmykkingar til Raulandsbadet og Attførings-senteret i Rauland.

Du kan sjå det eg lager i utsalet her på garden og på ulike utstillingar, og eg kan garantere at det reiseminne du kjøper her, er laga her! 

I tillegg til utsalget på garden, finn du meg på: 

     Hus og Heim                     Haukelitunet Vest, 3895 Edland

     Atelier Aase                      Vekanvegen 6A, 3840 Seljord

     Galleri Nutheim                Nutheim Gjestgiveri, Flatdalsvegen 1283, 3841 Flatdal

     Silkevippa                         Åmot, 3890 Vinje

     Haukeli Husflidsutsalg    Haukeli, 3895 Edland

     

Sommarutstillingar 2019: 

     Handverksbui på Mjonøy                           3890 Vinje

     Handverkslåven, Raulandsakademiet      3864 Rauland

"Reir"
Sommarfuglfat
Sommarfuglkrukke
"Fullmåne"
"Blå fugl"
"Kanelsnurr"
"Kanelsnurr"
"Rissa fugl"
"Rissa fugl"
"Raudt hjarta"
Nøstekopp med "Kanelsnurr"
"Ufo"
Veggobjekt
Engel
Munk med bønekrans
Nattverdsett
Døypefat
Bønekrukke
Engel
Veggobjekt
Eit glimt frå produksjonen
Bua mi

Follow me at

  • Black Instagram Icon

visitsvalastog

Dette er ein tidkrevjande teknikk der eg bruker kvistlakk og vaskar av i mange omganger. Dette gjev eit 3-dimensjonalt uttrykk.