top of page

KERAMIKK
OVERNATTING
VILLSAU

Mette Møller

Keramikaren Gerd og husbonden Olav ynskjer deg velkomen til gards.

Svalastog Gard befinn seg i ei lita bygd, Grungedal, i Vinje i Vest-Telemark. Sjølv om bygda er lita, er Grungedal ubegrensa med moglegheitar. Er du interessera i fisking, pudder eller park i skibakken, høgfjellsidyll både sumar som vinterstid, eller berre å nyte freden i ei fjellbygd omtrent 500 moh. - då kan dette vere plassen for deg. 

​

Gledar oss til du tek turen innom :) 

Keramikk

Keramikk

- frå mine hender til dine

Overnatting

Koseleg overnatting i

nye og gamle hus.

Villsau

Nydeleg økolologisk villsaulam og vakre skinn i mange fargar.

SPECIALS

Litt om garden

Svalastog har vore i slekta i meir enn 450 år. Navnet tyder eigentleg skysstasjon, ein stad å kvile for folk og hestar på reise. Me tilbyr framleis ein stad å "svale seg" for reisande, og kjem dei tilfeldigvis med hesteskyss, skal det vel bli ei råd med kvile for dei óg.  

​

Bygningane på gardstunet er fulle av historie. Den eldste delen av hovudhuset er opphaveleg ei låg tømre frå midten av 1600-talet, og etter dette bygd ut fleire gonger. Inni låven finn ein muruspjell og andre eldgamle rissingar, om ein ser nærare etter. I eldhuset føregjekk bakst, brygging og slakting. Mat og verdifulle klede vart oppbevara i loftet, buret eller stabburet - alt etter kva for dialekt ein har. I tillegg fins det både kvennhus, smie og badstoge, til kaldrøyking av kjøt og fisk, på garden.  

​

Me driv garden økologisk. Villsauen har eit godt marmorert og smakfullt kjøt og nydeleg ull, både kjøt og skinn fins i utsalet på garden. Me har óg nokre Dexter-kyr og eit par Skotske Høglandsfe. 

​

Kontakt oss

Gerd Danbolt Svalastog

​

Grungedal 109 (langs E134)

3895 Edland

​

Tel: +47 959 22 856  |  Email: gerd@visitsvalastog.no

 

bottom of page