Porselensleiras mysterier
Keramikk - frå mine hender til dine
Eg har hatt keramikkverkstad og utsal på garden sidan 1983. Etter å ha prøva ulike leiretyper, brukar eg no porselensleire. Den er finare i strukturen og meir krevjande å arbeide med, men ”bonusen” er stor! Etter glasurbrenning på 1250-1260 grader, får ein gode, brukarvennlege produkt. Å arbeide med porselen frå klump til ferdig produkt er utruleg fasinerande, fordi porselensleira sintrer på glasurtemperatur, og blir gjenomskineleg, kvit og vakker, både fin og røff på same tid. Godt å halde i hendene!
Eg lager alt frå små skåler og koppar til store fat og krukker, og dekorerer med blant anna kobolt, eller begitter utvendig med ulike fargar, for så å risse inn dekoren. Eg knar også fargestoff inn i leira og bruker det som dekorelement. Av og til legg eg på litt sylv eller gull og kanskje litt glas. Eg arbeider meg óg inn i leira med kvistlakk og avvaskningsteknikk. Dette gjev eit røft og vakkert lag-på-lag uttrykk og framelskar det gjennomskinelege i porselenet.
I tillegg til bruksting lager eg skulpturelle objekt. Eg har også laga utsmykkingar til Raulandsbadet og Attførings-senteret i Rauland.
Du kan sjå det eg lager i utsalet her på garden og på ulike utstillingar, og eg kan garantere at det reiseminne du kjøper her, er laga her!
I tillegg til utsalget på garden, finn du meg på:
Hus og Heim Haukelitunet Vest, 3895 Edland
Atelier Aase Vekanvegen 6A, 3840 Seljord
Galleri Nutheim Nutheim Gjestgiveri, Flatdalsvegen 1283, 3841 Flatdal
Silkevippa Åmot, 3890 Vinje
Haukeli Husflidsutsalg Haukeli, 3895 Edland
​
Sommarutstillingar 2019:
Handverksbui på Mjonøy 3890 Vinje
Handverkslåven, Raulandsakademiet 3864 Rauland