Eldhuset
- hytta for deg som elskar hyttekos
kr 450 per døgn, plass til 4-5 personar.
Eldhuset har sitt navn frå gamalt av, då dette huset vart brukt til mellom anna baking, slakting og brygging - rett og slett eit matlagingshus. Hytta har 2 rom, det eine har 2 køyesenger med plass til 4 personar og ein vaskekrok. Dyner og puter til 5 personar. Det andre rommet har kjøkkenkrok, spiseplass, sofagruppe og vedomn.
Kjøkkenutstyr: dekketøy, kjøleskåp, hybelkomfyr m/2 kokeplater og kaffitraktar. Skotørkar, utedo, vatn i bekken (1 m frå Eldhuset), utstyr til reingjering, straum.
Leilegheita
- lun og moderne med utsikt mot Haukelifjell
kr 920 per døgn, plass til 5 personar.
Enheten består av soverom med dobbeltseng + enkeltseng, 1 alkove plass til 2 personar. Stoge med kjøkkenkrok, spiseplass, sofagruppe, og peisovn. Trampolina står klar rett utanfor for leik og moro.
Kjøkkenutstyr: dekketøy, kjøleskåp, komfyr og kaffitraktar. Bad m/ dusj, WC, og vaskemaskin. Alle golv er flislagt med varmekablar. Utstyr til reingjering.
Leige av sengesett og handkle: 100 kr per sett.