top of page

 livet blir til mens du ror 

FISKE FJELLTURAR SOLING VOLLEYBALLBANE      SKI BRETT(SNØBRETT) BADING KUNSTUTSTILLINGAR TOPPTUR SNØHERJING TRAMPOLINE AKING SANDKASSE BADELAND BORDTENNIS 

Aktivitetar

​

Våre gjester har henta mange flotte aure i vassdraget Grungedal-Haukeli, som omfattar Grungevatn og Tveitevatn, og reknast blant dei beste innlands-fiskevassdraga for aure i Sør-Noreg. Har du lyst, kan du kaldrøyke auren i den gamle badstoga (røyke-hytta) vår.

Vil du høgare til fjells enn våre 560 m.o.h, er det kort veg til mange flotte turområde der du kan traske, med eller utan fiskestong, med eller utan bærspann, men ta med badetøy i sekken! Å ta turen opp til Koldal ein varm sumarsdag, og klatre, leike, plaske i eit fantastisk, naturskapt badeland, det er noko ein ikkje gløymer.  

​

Om vinteren kan du lage løyper og hopp i bakkane rundt huset, eller ta skia med til fjells og gå lange turar i storslege landskap. Haukelifjell Skisenter ligg berre 25 min unna, Rauland Alpinsenter, Rauland og Vierli Skisenterligg ca. 45 min unna. Køyrer du sørover kjem du til Hovden, toppen av Setesdalen. Her finn du Hovden Alpinsenter, Hovden Badeland og milevis med flotte langrennsløyper.  

​

For inspirasjon til tur både vinterstid og sumarstid, er nettsida www.ut.no fin å kikke på.

​

Keramikk blir produsert og seld på garden, i lag med nydelege villsauskinn. Økologisk villsaukjøt kan óg tingast. Det reiseminnet ein kjøper her, er laga her. Ingen tvil, 100% made in Norway. 

 

Sommarstid er det fleire kunst- og handverksutstillingar i nærleiken, og Henrik Sørensen-galleriet held ope. Siste helga i august arrangerast kvart år ”Litteratur-dagane i Vinje” med aktuelle forfattarar og artistar. For dykk som er på gjenomfart til Dyrsku’n, Countryfestival eller Dansebandfestivalen i Seljord, eller Bø Sommarland, er Svalastog ein høveleg plass å overnatte.

​

Beachvolleyballbanen er til disposisjon for våre gjester. Den ligger fint til oppe på Groækre, med magisk utsikt over Grungedal. Volleyball er en fin familieaktivitet der både store og små kan få utfalde seg. Me har óg eit bordtennisbord de kan bruke.

​

​

Velkomne til gards!

bottom of page