
KERAMIKK
OVERNATTING
VILLSAU

Mette Møller
Keramikaren Gerd og husbonden Olav ynskjer deg velkomen til gards.
Svalastog Gard befinn seg i ei lita bygd, Grungedal, i Vinje i Vest-Telemark. Sjølv om bygda er lita, er Grungedal ubegrensa med moglegheitar. Er du interessera i fisking, pudder eller park i skibakken, høgfjellsidyll både sumar som vinterstid, eller berre å nyte freden i ei fjellbygd omtrent 500 moh. - då kan dette vere plassen for deg.
Gledar oss til du tek turen innom :)


Litt om garden
Svalastog har vore i slekta i meir enn 450 år. Navnet tyder eigentleg skysstasjon, ein stad å kvile for folk og hestar på reise. Me tilbyr framleis ein stad å "svale seg" for reisande, og kjem dei tilfeldigvis med hesteskyss, skal det vel bli ei råd med kvile for dei óg.
Bygningane på gardstunet er fulle av historie. Den eldste delen av hovudhuset er opphaveleg ei låg tømre frå midten av 1600-talet, og etter dette bygd ut fleire gonger. Inni låven finn ein muruspjell og andre eldgamle rissingar, om ein ser nærare etter. I eldhuset føregjekk bakst, brygging og slakting. Mat og verdifulle klede vart oppbevara i loftet, buret eller stabburet - alt etter kva for dialekt ein har. I tillegg fins det både kvennhus, smie og badstoge, til kaldrøyking av kjøt og fisk, på garden.
Me driv garden økologisk. Villsauen har eit godt marmorert og smakfullt kjøt og nydeleg ull, både kjøt og skinn fins i utsalet på garden. Me har óg nokre Dexter-kyr og eit par Skotske Høglandsfe.

Kontakt oss
Gerd Danbolt Svalastog
Grungedal 109 (langs E134)
3895 Edland
Tel: +47 959 22 856 | Email: gerd@visitsvalastog.no
![]() | ![]() | ![]() | ![]() | ![]() |
---|---|---|---|---|
![]() |