top of page

Villsau er ålreite dyr

Me har omlag 140 vinterfóra villsau i mange vakre fargar på garden. Drifta er økologisk. Det betyr at me ikkje brukar sprøytemiddel eller kunstgjødsel.

Villsauen har ikkje forandra seg særleg sidan vikingane hadde sau. Rasen er gamal norsk spæl. Det typiske kjenneteikn er kort hale og flott ull. Villsauen har eit sterkt flokkinstinkt og særs gode morseigenskapar. Sauen er liten og nøysam og ikkje så produktiv, men har derimot eit fantastisk nydeleg kjøtt. Kjøttet smakar noko mellom lam og rådyr. Det kjem nok av at denne sauen et meir lauv enn andre sauer og lamma veks mykje seinare enn vanlege sauer. Ein kan seie at det er ”slow food production”.

Våre villsauer lever eit godt liv. Dei gjeng ute heile året, også under lamminga i mai. Det er berre når det er ordentleg regnvèr at dei søkjer ly i steinfjoset. Om vinteren får dei godt rundballfòr, om sommaren har dei eit utruleg rikt og velsmaknde matfat, - fjellgras, urter, lyng og blomar både i liene og høgt til fjells.

Villsauskinna har fargenyansane kvit, svart, grått og brunt. Skinn kan du kjøpe her på garden. Me sel heile lammeskrottar, du kan ringe og bestille og hente dei nyslakta i oktober eller avtale levering.

 

Velbekomme!

Alastair Miller

Villsaulamkjøtt                    130 kr/kg

inkludert partering og moms

heile lam på omtrent 12-18 kg

Villsaulammeskinn              1300 kr

Hugs å bestille lammeslakt i god tid. 

Kontakt Gerd Danbolt Svalastog for ein liten prat eller to.

​

gerd@visitsvalastog.no            959 22 856

bottom of page